Bibliografi over norsk romani

Litteraturen om norsk romani har vore heller liten. Primærkjeldene kan i storo oppsummerast i verket The Romany Language in Norway av Ragnvald Iversen (1944). Attåt kan stykket hans Et og annet om romani og rodi i Norge (1947) frå Maal og Minne nemnast. Etter Iversen er det kome fleire ordlister og noko teksttilfang på romani. Mykje av seinare vitskapleg arbeid har vore sosiolingvistikk.

Somt av tilfanget som er lista opp under, gjeld det me under ei samnemning kan kalla rodi eller rotvelsk, ikkje romani. Rodi hadde etter måten stor innbyrdes variasjon og vart tala av ulike grupper i samfunnet, m.a. av båtreisande på Vestlandet og Sørlandet. Om eit ord er rodi eller romani, er derimot ikkje jamt greitt å skilja. Rodi og romani har lånt ord frå kvarandre. Fyrst og fremst frå romani til rodi. Difor har oppteikningar av rodi verde for granskinga av romani. Ikkje sjeldan finn me att ord som berre er oppførde i The Rodi (Rotwelsch) in Norway (Iversen 1945), men som er i bruk mellom taterar i dag, t.d. honka v. 'vera', penna v. 'seia' (begge vanlege) og bedd m. 'kopp' (sjeldan). Det heller vanlege ordet låkko adj. 'falsk, lur' er jamvel oppført under tillegget «Authentic Word or fabricated Words?» (Iversen 1947, s. 240-4). Somtid har me på norsk grunn berre vitnemål om romaniord frå rodi, t.d. li pron. 'ho' eller lavra v. 'ro' og f. 'åre'. Kjeldene til romani er eit puslespel som må setjast saman.

Tilfanget er ordna etter type publikasjon, så forfattar og årstal. Somt er det gjeve merknader til. Peikar viser til digital utgåve.

Bøker og ordlister

[^1]: Aune 2012. Omarbeidd utgåve av Aune 2011 (masteroppgåve).

[^2]: Refsum (utg. av) 1948. Inneheld «Samlinger af de mest forrekommende [sic] Ord i det saakaldte Vandrings- eller Skøiersprog» av Gjest Baardsen, og omsetjingar av F. L. Hartman og N. Olsen. Språket er rodi med mykje tilfang frå romani.

[^3]: Sundt 1852. Inneheld opplysningar om romani og «rotvelsk» («Anhang I» og «II»: s. 264-94) og ordliste over romani (s. 371-92). Sjå Iversen 1947 s. 82 øvst for Sundts «informatorer».

[^4]: Wiedner 2016–. Nettordbok med på lag 3000 ord. Samling av dei viktugaste skriftlege kjeldene, attåt eige feltarbeid. Viser etymologi m.m.